Dersom du spør lokale fjellvandrarar om kva som er det finaste fjellet i Os, vil nok mange svare Midtsæterfjellet.
Frå parkeringsplassen går du om lag 200 meter oppover vegen,før du tek til venstre gjennom ei grind og følgjer skogsvegen oppover.Hugs å lat at grinda.
Etter ei lita stund kjem du til eit skilt som visar vegen til Midtsæterfjellet.
Oppover mot Midtsæterfjellet går du gjennom blandingsskog. Der det tidligare var veldig blaute partier har Os Turlag lagt tilrette med kloppar og bruer.Når du kjem over tregrensa, opnar landskapet seg og ei nydeleg utsikt kjem til syne.