Turen startar ved grinda langs Hjellevegen. Dei første 250 metrane av turen går i bratt beitemark. Du må hugse å late att grinda når du begynner å gå. Dersom det har regna, vil det vera bløtt og sleipt i starten på turen. Når du har forsert det brattaste terrenget, går du over på jamnare stigning med natur prega av blandingsskog, stein og jordbotn.
Sjølv om turen er ganske bratt, er han ikkje verre enn at han passar for både store og små. Frå toppen er det flott utsikt over Os, mot Tysnes, Fusa, Fitjar, Tøsdalsfjellet, Linken og Byfjella.