Klauva via Årnesstøylen

Legg til huskeliste
Annonse

Dersom du synes det er kjekt å gå på stiar som er gjenngrodd, og har sansen for små kvardagslige ekspedisjonar, er denne ruta midt i blinken for deg! Dette er ein gamal sti som nesten ingen brukar lenger. På delar av vegen opp kan det derfor vere vanskeleg å finne stien og ruta. Sporadisk er det nokre raude merke etter ein gamald fjelltrim å sjå.

Turstart ved Jølstravatnet på temmelig gjennomgrodd skogsveg. Til tider er det vanskeleg å sjå at det er skogsveg du går på. Vidare går du i granskog, der du får oppleve korleis granfelt har tatt over store delar av ei vestlandsk fjellside. På Årnesstøylen får du sjå korleis grana har stelt all utsikt frå ein tidlegare svært utsiktsrik støylsplass.

Heldigvis får du godt betalt med ei fantastisk utsikt rett ovanfor støylen. Frå her, og heilt opp til toppen, har du nydeleg utsikt over Jølstravatnet og fjella kringom. Du ser også mot Ålhus, Sandalen, Myklebust og mot Skei. Stien frå støylen og opp til toppen snor seg oppover fjellsida i eit ganske bratt og artig terreng. Terrenget du går i etter støylen er myrlendt og noko bratt. Det kan vere noko bløtt etter regnperiodar. 

Turen opp tek kring 1-1,5 time. Du kan lage ein fin rundtur ved å gå ned att til Strandstøylen og Strand. Sjå lenke til denne turen.

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Like før oppkøyringa til Sandalen på vestlegaste side startar turen. Du må finne parkering på ei utkøyrsle nede ved Jølstravatnet. Pass på å parker slik at bilen din ikkje er til hinder for trafikken langs fylkesvegen, eller at du er til hinder for aktivitet på private eigedomar. 

Annonse