Fottur til Grovastøylen og Grovanipa (Grovanova)

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 7,6 km
  • 8 t
  • Rundtur
  • 976 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - sep

Denne rundturen byr på stor utsikt over Kjøsnesfjorden, samtidig som du undervegs kjem tett på Grovabreen. Vel du stien i den bratte sida opp til toppen, får du ein motbakke med nesten 1000 høgdemeter! Utsikta du får i premie etter bakkane, er upåklageleg. Dette er ein tur som berre høver seg i godt vær og god sikt for fjellvande turgåarar. Begge stiane er graderte som raude ruter, og den brattaste ruta har nokre utsette parti.

Turen startar i sørleg retning langs bøen, før du kjem inn på god sti i open bjørkeskog opp til støylen. Her kan du velje mellom to ruter opp. Begge rutene opp er graderte som raude stiar.

Stien som går mot aust frå støylen, er den kortaste og brattaste ruta opp. Denne bør du berre gå når landskapet er tørt. For det meste går du i ope og skrint terreng, som har 30–40 grader helling. Frå støylen slyngar stien seg oppover fjellsida i austleg retning. Rett under toppen dreiar den mot sør eit stykke før skaret, der stien vender i nordleg retning mot toppen.

God sti frå støylen i retning Langeheia følgjer elva i sørleg retning innover dalføret. Stien dreiar gradvis mot aust og vidare mot nord i eit parti der du passerer område med svaberg. Når du har tatt deg opp til Langeheia, går stien vidare i nordleg retning mot toppen i lettgått fjellterreng.

Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.

Tips:
Om du vil gå turen som rundtur, anbefaler vi at du tek den brattaste ruta opp. Merk at langs denne ruta er det lite vatn. Det er lurt å fylle vassflaska på støylen.

Fakta:

  • Frå parkeringa på Sægrov til Grovastøylen: 1,3 km, stigning og 400 høgdemeter. Tid: 1-1,5 time opp til støylen.
  • Brattaste rute frå Grovastøylen til Grovanipa: 2,1 km, stigning 560 høgdemeter. Tid: 2-3 timar opp frå støylen.
  • Grovastøylen via Langeheia til Grovanipa: 4 km, stigning 610 høgdemeter. Tid: 2,5-3,5 timar opp frå støylen.
  • Rundtur: 8,6 km, stigning 1130 høgdemeter. Tid: 7-8 timar.

Hugs:

  • All ferdsel på eige ansvar.
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots.
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv.
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april til 1. november.
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindene etter deg.

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.


Adkomst med egen bil

Frå Kjøsnesfjordbrua i Nikolai Astrups veg køyrer du inn på Grovavegen. Du skal følgje vegen heilt inn til dei innerste gardene på Sægrov. Parkering til nokre få bilar ved skilta turstart. Pass på å parker slik at du ikkje er til hinder for gardsdrift eller eller private tun.

Annonse

on the path