Rundtur i Mykingskogen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,1 km
  • 2 t
  • Rundtur
  • 74 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Denne turen kan ein starte bl.a frå Myking, Skauge og Hodneland. Løypa som er lagt inn her, startar frå Lauvålen (parkeringsplass mellom Myking og Nævdalskrysset). Ein føl då sti herifrå, og ned til gamlevegen i Mykingskogen. Der finn du rastebenk og postkasse med turbok og tang til turkort. Vidare føl ein skogsvegen til venstre, til du finn eit skilt mot Stokkhølen til høgre.

Føl merka sti herifrå, til du kjem over Terjebrua (sjå bilete). Etter brua kjem du opp i eit kryss: Vegen til venstre går mot Stokkhølen, til rastebenk, og merka sti vidare til Hodneland. Vegen rett fram er stien som er merka på kartet her, ein rundtur som tek deg tilbake til skogsvegen. På denne sløyfa finn ein og eit skilt der vegen går ned til Hodnekvam. Turen er lett å gå, og tek ca. 1,5 til 2 timer.

God tur!

Annonse

on the path