Kjem du til Florø med båt eller buss kan du ta turen opp til Flora Omsorgssenter der det er mange turmulegheiter.
Frå Fugleskjærskaia og Rutebilstasjonen går du til Gjestebrygga ved Quality hotell. Her er det skilta til sti rett opp til turvegane. Alternativt kan du fortsette innover Strandgata slik sporet på kartet viser frå Gjestebrygga. Du går forbi Turistinformasjonen og til høgre oppover Torggata og Kinnvegen til Flora Omsorgssenter for å komme deg på tur. Herifrå kan du velge om du vil gå rundt Storevatnet, Litlevatnet eller opp på Storåsen, Litleåsen eller til Kystmuseet og Sørstrand Folkepark.
Frå Flora Omsorgssenter går du austover langs Storevatnet til Kleivabakken og turskiltet. Her delar turvegen seg og ein del går mot symjehallen Havhesten og tur til Brandsøyåsen, den andre opp Kleivabakken og ned i Båtevika, vidare til Kystmuseet og fortset til Sørstrand Folkepark. Du skal ta til venstre ved skiltet og vidare mot høgre på fortau austover Firdavegen. Då kjem du til symjehallen Havhesten eit innandørs basseng med terapibasseng og treningsmulegheiter.
Turen tilbake kan anten gåast same veg, følge Firdavegen, Strandgata og Fugleskjærsgata eller med rutebuss.
Det går sti opp til Brandsøyåsen med utgangspunkt frå Havhesten.
Turane med utgangspunkt i Flora Omsorgssenter går som rundtur over Litleåsen og Storåsen eller du kan gå til Sørstrand Folkepark via Storevatnet, Båtevika og Kystmuseet.
God tur