Rundløype på Berge.

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,7 km
  • 1 t, 40 min
  • Rundtur
  • 189 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Ca 300 meter etter ballbingen på Berge, tek du til høgre inn på grusa skogsveg.(Like før du kjem til Os hageservice sine lokaler). Vegen heilt inn til Skavhedlo er god, og her kan du gå på trilletur om du vil. Skogsvegen har granskog på begge sider av vegen første del av turen, men etter omlag 1 km åpnar landskapet seg, og du får fantastisk utsikt mot Fusa og Samnangerfjorden.

"Skavhella hev fenge namnet sitt av ei hella, eit flatt berg eller ein anna liten flate, der ein hogde skav eller samla i hop skavveden til bruk for vinteren". Nils Tveit, Os soga

På Skavhedlo budde det folk fram til tidleg på 1900- talet, og det var 2 bruk på Skavhedlo. Under 2.verdskrig stod det eitt hus igjen. Det huset vert nytta som skjulestad for 2 russiske krigsfangar som rømde frå fangeleiren på Haugsneset. Dei vart funne av tyskarane, og avretta. Tyskarane brant samtidig ned det siste huset som stod igjen på Skavhedlo.

Inne ved Skavhedlo vil ein sjå tuftene etter det nokre meiner har vore ein grønnsakshage frå den tida då det budde folk på Skavhedlo. Like ved grønnsakshagen går stien mot Kilen. Pr dags dato er det ikkje skilt som visar vegen, men du vil sjå sjå rød teip som er festa i trea langs stien. Det er enkelte partier der det er skikkeleg bratt ufor, så ein må gå forsiktig. Spesielt merksam må ein vera på dagar der det har vore nedbør.!! For turen til Kilen må ein vera litt vant med å gå i ulent terreng.

Adkomst med egen bil

Frå Os sentrum køyrer du mot Hatvik. Like før du kjem til fergeleie tek du til venstre opp mot Berge. Like etter ballbingen på høgre hand, er det ein liten parkeringsplass der du kan setje bilen.

Adkomst med kollektivtransport

Ta rute 605 frå Os sentrum. Gå av på busstop før Hatvik ferjekai. Følg Eidsvegen opp mot Berge. Det tek ca 15-20 minutt opp til skogsvegen der turen startar inn mot Skavhedlo/Kilen
Annonse

on the path