Kjenndalshytta frå Furuhogane i Stad kommune

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 1,9 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 343 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Idyllisk stad med fjellvatn og ei gammal steinbu.

Start på Furuhogane og følg merka sti opp på vestsida av Kjenndalselva (mellom skiheisen og elva) heilt opp til utløpet av Kjenndalsvatnet. Opp til vatnet er det god stigning. Ved utløpet av vatnet må ein balansere og til tider klyve over store steinar ved elveosen, men det er merka heile vegen. Ved høg vassføring kan er det ikkje sikkert at ein kjem tørrskodd over elva... Følg stien på austsida av vatnet til ein ser hytta, ca. 500 m. Hytta er privat, så vis omsyn til dette. Turkassa står nokre meter frå hytta. Ein kan også gå vidare mot andre toppar og rundturar som er merka i området.

Turen egnar seg og godt på ski eller med truger.

Adkomst med egen bil

Parkering på Furuhogane. Følg skilting frå Harpefossen Skisenter i Hjelmelandsdalen.
Annonse

on the path