Fottur Kvanndalen - Kjelstadnakken

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 8,3 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 545 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Turen til Kjelstadnakken er ein typisk Sunnfjordtur der du går oppover jamnt og trutt fra start til slutt. Belønninga er utruleg god utsikt og eit oversyn som slår det meste. Frå parkeringsplassen framfor vegbommen i Kvanndalen går ein litt langs vegen, før du tek til høgre, over elva og startar på stigninga. Stien er ikkje merka, men tydeleg i terrenget. Den følgjer fjellet og ryggen oppetter før den dreier litt austover før finalen opp til Varden.

Adkomst med egen bil

Ta av frå E39 aust for Førde ved skilt til Sundsdalen, Fv482. Deretter tek du inn til venstre på privat bomveg etter 3,6 km. Hugs bompengar. Deretter er det 5 km på smal og stadvis bratt grusveg mot Kvanndal og parkeringsplass før vegbom.
Annonse

on the path