Fottur Bunestølen - Blåfjellet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 10,2 km
  • 4 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 573 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Frå parkeringa ved infotavla litt nedanfor Bunestølen fylgjer ein vegen opp til Bunestølen. Turen er herifrå godt merka med skilt og retningspilerheile vegen opp, og kan gåast både til fots og på ski.

Første del av turen går på skogsveg med lett stigning, og ein litt bratt bakke. Ved enden av skogsvegen går stien over ei steinbru, og vidare i lett stigning, så over eit myrlendt parti som kan vere litt vått.

Vidare variert grad av stigning opp til Frammarsvikstølen. Dette er eit fint turmål om ein ynskjer ein kortare tur (ca. 2 t. tur / retur).

Frå Frammarsvikstølen utover mot Blåfjellet er det godt merka sti med retningspiler som ein fylgjer i jamn stigning utover stølsbotnen. Etter å ha passert litt ovanfor Merkingsvatnet vil ein sjå toppen på Blåfjellet i nordvest, her er ein om lag midt mellom stølen og Blåfjellet.

Nokre stader er også merka med små vardar, og ved eit punkt er det eit høgt juv. Ikkje så langt frå toppen møter ein stien som kjem frå Steinkorsen og Kringla. Frå toppen av Blåfjellet er det fin utsikt utover mot øyane og havet i vest, mot Heilefjellet og Blegja i sør og mot Ålfotbreen i nord.

Teksten er henta frå Naustdal kommune og Merka turstiar i Naustdal, Over stoff og stein. <a href="https://www.naustdal.kommune.no/tenester/tenester-a-a/tur-6-bunestolen-blafjellet.12927.aspx" target="_blank">Sjå link</a>.

Adkomst med egen bil

Køyr rv611 frå Naustdal mot Frammarsvik og Vevring. Til høgre opp veg skilta til Øvrebø. Parkering ved skilta snuplass nedanfor Bunestølen.

Adkomst med kollektivtransport

Ingen kollektiv transport mogleg
Annonse

on the path