Fottur Tuftedalen - Blånipa

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 12,0 km
  • 5 t, 15 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 763 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Parkering ved veien 400 meter før tunnelen på Ramstadheia, utanfor bommen på vegen til Skytebanen. Følg vegen 400 m. opp til skytebana og ta så til venstre og opp langs sti i Tuftedalen. Ver varsam og hald godt til venstre dersom det er aktivitet på skytebana. Raudt agg oppe ved skyting. Etter ein halvtime kjem ein

opp til stidelet under Ørneklumpen der ein kan ta av til Blåhølen. Ruta til Blånipa går under Ørneklumpen og vidare over elva på vad. Herifrå skrått oppover til ein kjem opp på første høgda. Herifrå kan ein sjå toppen på Blånipa. Følg ryggen eit stykke austover og sving så mot nord i retning toppen. Her er det noko stigning før ein kjem opp på siste ate partiet. Vidare bratt opp mot toppen. Flott utsikt mot m.a. Ålfotbreen i nord.

Adkomst med egen bil

Ta av frå rv5 rett aust for Naustdalstunnelen og følgje den gamle vegen over Ramsdalsheia. Avkøyring til høgre før tunnelen ved bomveg opp til skytebana i Naustedalen.

Adkomst med kollektivtransport

Ingen

Annonse

on the path