Topptur til Storefjellet frå Holtane

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 12,2 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 810 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Denne vegen opp til Storefjellet er ein lettare variant enn den som går opp frå Hoffslåttene. Denne vegen er ein svært gammel ferdaveg som var brukt til å drifte storfe heilt frå Hyen i Nordfjord, gjennom Sunnfjord sørover til Sogn og vidare til austlandet med båt frå Sogn. Ferdavegen går gjennom HOLTESKARET som er eit skar som går frå Vindheim ved Haukedalsvatnet og over til Mjell/Hoff i Eldalsdalen. Høgste punkt i skaret er ca 820 moh. Denne turen kan nyttast som retur frå turen som går opp frå Hoffslåttene. Frå Hoffslåttene er rekna som svart rute, og kun sommarrute. Det er fult mulig å nytte retur ned til Hoffslåttene, men du bør vere fjellvand for å gå ned vegen til Hoffslåttene.

Denne turen kan og brukast om vinteren. Ta gjerne kontakt med lokale folk for hjelp og rettleiing.


Adkomst med egen bil

Med bil. Det er mulig å parkere ca 70 m frå startplass.

Adkomst med kollektivtransport

Nei
Annonse

on the path