Fottur til Kabusen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,8 km
  • 5 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 657 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Kabusen er eit landemerke i Haukedalen. Fjellet ligg rett ved Haukedalsvatnet og byr på utsikt rett på vatnet som ligg i vestleg retning. Dette betyr at toppen også kan vere svært fin som kveldsur når sola skin på sitt beste! Toppen gir panoramautsikt over mange av dei vakre fjella og fjellområda i Haukedalen, og er absolutt verdt eit besøk! Det er svært godt tilrettelagt og merka sti som snor seg elegant oppover den bratte fjellsida heile vegen.

Turen startar ved Haukedalsvegen på Frøysland. I starten går du nordleg retning i open og gamal bjørkeskog. Undervegs oppover finn du små rasteplassar på utkikkspunkt. Når du er mellom Aksla og Skredbakkane på omlag 550 moh. dreiar stien inn på rygg og går i meir nordaustleg retning opp mot tobben av Kabusen. Fjellsida er jamt bratt heile vegen, men der er ingen luftige parti undervegs.

Tips
Mot toppunktet deler stien seg i to ulike retningar. GPS sporet er spora ved den sørlegaste stien, som ligg ut mot kanten av toppunktet. Her er det eit kort parti som for nokon kanskje kan opplevast som litt luftig. Dersom du vil unngå dette partiet kan det vere lurt å gå stien som er lagt litt lenger nord på fjellplatået. Då går du i retning mot vatnet som ligg på 921 moh. og ta deg opp på Kabusen "bakanifrå".

Det går an å gå vidare innover høgdene i nordaustleg retning ved å følgje stinettet i kartgrunnlaget.

Fakta
Tiren er på omlag 2,5 km kvar veg og har 650 høgdemeter stigning. Tid: 2,5-3 timar opp og 5- 6 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag

Adkomst med egen bil

På Moskog tek du av E39 og køyrer mot Gaularfjellet på Holsavegen. Køyr Holsavegen til endes, og ta av inn på Haukedalsvegen. Følg Haukedalsvegen fram til Haukedalen i enden av Haukedalsvatnet og Frøysland.

Annonse

on the path