Fottur frå Legestøylen i Jølster til Myklandsstøylen i Kandal

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 12,3 km
  • 7 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 792 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt

Dette er ein svært vakker langtur gjennom naturrike dalføre og beitelandskap i Jølster og Gloppen, og tek deg inn i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Turen startar ved Legestøylen i Årdal i Jølster, går via Stigsvatnet og Kupa før du tek deg ned i vakre Kattadalen, Vetledalen og Myklandsdalen. Turen krev litt logistikk sidan det er lang køyreavstand mellom start- og sluttpunkt. Det er fine delmål undervegs på turen slik at ein kan velje å gå til desse for å unngå utfordringa med transport.

Turstart ved Legestøylen i Årdal i Jølster og du følgjer i starten DNT-merka sti som går mot Longevasshytta. Du går på god sti, som er godt merka, i nordleg retning opp til Stigsvatnet på 780 moh. Her møter du ein båtplass og eit skilt som orienterer deg om at det er rasfare langs stien som held fram på austlegaste side langs heile Stigsvatnet. I starten av stien langs vatnet kan det ligge store harde snøfenner som må passerast. Les viktig informasjon om dette i tipsa nedanfor.

I enden av Stigsvatnet kjem du fram til nokre fjellhytter som ligg mellom dei to vatna. Her er det stikryss der stien til Longevasshytta går i vestleg retning. Ved Kupevatnet (784 moh.) held du fram på merka sti i austleg retning innover Kupa og opp til Kupeskaret som ligg på rundt 1100 moh. No har du tatt det meste av høgder på turen. Du tek deg ned Kattadalen og vidare til Vetledalen. Stien går på nordleg side av Vetledalsvatnet (872 moh.). På odden ved vatnet ligg hytta Bjørnabu. Du må ta av stien, og gå litt i sørleg retning, for å kome bort til hytta.

Frå Vetledalen held du fram i austleg retning der du etterkvart får utsikt ned til den langstrakte Myklandsdalen. Her ventar det ei litt bratt nedstigning ned til Botnen. Stien kan tidvis vere noko vanskeleg å sjå i dette partiet sidan den går gjennom lyng, mose og småkratt ned fjellsida. Frå Botnen går du på god sti i lettgått og relativt flatt dalføre fram til Myklandsstøylen. Det er sommardrift på denne støylen. Rett nedanfor støylen er det parkeringsplass i enden av skogsvegen som går vidare ned til Kandal.

Turen går innom Naustdal -Gjengedal landskapsvernområde.

Tips
Stien langs Stigsvatnet vart for nokre år sidan utbetra av sherpaer. Når du går på stien der det er steinurer rundt deg, og bratte fjellsider over deg, må du følgje med på om det kjem steinsprang. Tidleg på sesongen kan det ligge store snøfenner over delar av stien. Snøen er ofte hardpakka glatt sommarsnø. Det kan vere naudsynt med sikringsutstyr (t.d. stegjern, isøks og tau) for å passere desse. Eit fall kan resulterer at ein sklir heilt ned i Stigsvatnet. Dersom det har vore snørike vintrar kan snøen enkelte sesongar ligge til langt ut på seinhausten. Det er altså snømengda om vinteren, og snøsmeltinga om våren, som bestemmer når det er trygt nok til å gå på stien langs Stigsvatnet. Om du er usikker kan det vere lurt å ta kontakt med Indre Sunnfjord Turlag for å undersøke forholda før du legg ut på tur. Nokre år kan hardpakka skavlar ligge som snø- og istunellar mellom berga og over stien i den nordlegaste delen av stien langs vatnet.

Om du vil overnatte på turen er det eit godt tips å ta inn på Longevasshytta. Frå partiet der du står mellom Stigsvatnet og Kupevatnet er det omlag 2,5 kilometer til denne. Stien går i lett kupert terreng i vestleg retning frå Kupevatnet. Longevasshytta er DNT-hytte med mange overnattingsplassar. Les lenke for meir informasjon. Det kan og vere fint å telte ved Kupevatnet eller i Vetledalen.

Fakta
Heile turen frå Legestøylen til Myklandsstøylen er på omlag 12,5 kilometer og 800 høgdemeter. Tid: 7 -8 timar.

Frå Legestøylen til Stigsvatnet: Omlag 2,5 kilometer og omlag 400 høgdemeter. Tid: 1,5 til 2 timar ein veg.

Frå Legestøylen til Kupevatnet: Omlag 4,2 kilometer og omlag 400 høgdemeter. Tid: 2,5 til 3 timar ein veg.

Frå Legestøylen til Kupeskaret: Omlag 7,5 kilometer og omlag 790 høgdemeter. Tid: 4 til 4,5 timar ein veg.

Skogsvegane inn til både Legestøylen i Jølster og Myklandsstøylen i Kandal i Gloppen er gode skogsvegar som går i flatt terreng innover dalføra. Om du vel å ville gå desse må du legge til ein del ekstra tid. Begge skogsvegane er overslagsvis rundt 5 kilometer lange frå parkeringa ved støylane og ned til bygdene.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Du må oranisere deg med to bilar eller skyss for å gjennomføre denne turen.

Jølster: Ta av Jølstravegen (E39) og køyr til Årdal. Vel den austlegaste skogsvegen frå Erikstad som går innover dalen til Legestøylen. Betal bommen med Vipps. Det er laga til fin parkering like før du kjem til Legestøylen.

Gloppen: Ta av E39 og køyr mot Kandal på Kandalsvegen. Køyr skogsveg til Myklandsstøylen der det er parkering nedanfor støylen. Betaling for bruk av skogsveg og parkering.

Annonse

on the path