Fottur til Helsethornet 1008 moh i Stad kommune

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,1 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 569 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

God utsikt, både mot Bjørkedalsvatnet og Movatnet. Helsethornet er eit grensefjell mellom Eid og Bjørkedalen.

Frå parkeringsplassen går stien oppover til venstre. Omlag halvvegs oppe i fyrste bakken tek stien av til venstre. I starten går stien gjennom lauvskog, for deretter å kome opp på snaufjell. Her er det mange fine fiskevatn og dalar å sjå ned på. Stien går langsmed ei lita elv, der det er mogleg å kjøle seg ned. Etter omlag 2/3 av turen minkar det på stien, og ein kan då halde til høgre mot det høgste punktet i terrenget. Frå toppen har ein flott utsikt ned mot Fladalen. Går ein eit par hundre meter til ein varde lenger nord (Tua), ser ein Bjørkedalsvatnet, med Torane og Felden bakom.

Turen tar ca 3 timar tur retur.

Adkomst med egen bil

Ein kan gå innover skogsvegen frå Stigedalen eller betale bompengar og køyre inn vegen. Då parkerer ein på enden av Fladalen, før Movatnet.

Adkomst med kollektivtransport

Kan ta buss til Stigedalen/Tua, men då blir det lenger å gå.
Annonse

on the path