Ytre Moa

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 5,9 km
  • 1 t
  • Rundtur
  • 308 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i ormådet og desse tilgjengeleg i UT-appen. 

Ytre Moa 

Fin rusletur mellom freda hustufter frå Vikingetida! 

Alternativ 1: Det enklaste alternativet startar frå parkeringsplassen på Moa og følger grusvegen, ca 300m til du er oppe på Ytre Moa platået. Då går du rett på turposten til Årdal Turlag. Oppe på Ytre Moa er det ei flat rundløype på omlag 1,2km.

Alternativ 2: Du kan og starte ved Olmenhagen og ta trappene opp til Ytre Moa platået. Fortsett rett fram når du kjem opp trappene så går du rett på postkassen til Årdal Turlag. Oppe på Ytre Moa er det ei flat rundløype på ca 1,2km. Begrensa parkering ved Olmenhagen.

Alternativ 3: Startar du frå Lykkja i Utladalen fylgjer du skilting og sti mot Moa og deretter som alternativ 1 frå parkeringsplassen på Moa. Inga parkering ved Lykkja. 

Rundtur: Rallaren - Ytre Moa - Rallaren 

Du kan og starte turen frå Rallaren-statuen i sentrum av Øvre Årdal. Følg sykkelsti mot Hjelle fram til Olmenhagen. Når sykkelstien kryssar bilvegen fylgjer du bilvegen over brua ca 150m fram til trappene til Ytre Moa. Fortsett rett fram når du kjem opp trappene så kjem du rett på turpostkassen til Årdal Turlag. Følg deretter grusveg ned til parkeringsplassen på Moa og tilbake til Rallaren via grussti ned til Gamle Kraftstasjonen og vidare på gangsti/fortau forbi Hydro og tilbake til Rallaren.

Gps-spor og høgdeprofil viser ruta frå Rallaren til Ytre Moa og tilbake via Gamle Kraftstsjonen, inkludert rundløypa på Ytre Moa.

Adkomst med egen bil

Kjem du med bil er det best å starte turen ved Moa der det er god plass for parkering. Turane til Ytre Moa, Moakamben, Kvile/Moadalen og Svalheimsåsen kan alle startast her. Du kan også parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal.

Annonse