Bauvatnet i Stad kommune

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 5,6 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 281 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Fint å fiske, klatre og leike, så ta gjerne med god niste og nyt dagen her.

Frå p-plass i Stårheimsdalen, gå 20 meter sti ned på parallell grusveg, følg grusvegen over brua og oppover mot setra Sigrona, det står eit gammal treskilt med pil mot Bauvatnet etter brua.

Når vegen flatar ut, går der ein sti opp til høgre. Stien passerer rett forbi ei hytte og held fram opp i skogen rett bak hytta. Herfrå er det god sti heile vegen. OBS! Ein må krysse fleire svaberg som vert svert glatte når det er vått. Stien held fram oppover terrenget. Rett før ein kjem opp på høgda, svingar stien skarpt til høgre, her er det god sti som fortset rett fram og i feil rettning, så ver obs her! Herfrå følger ein ryggen austover mot Bauvatnet, boka ligg i nokre steinar opp på den minste av fleire store steinar, som ligg i ei klynge ved vatnet.

Ein normal trent voksen går denne turen på 45 min. Med ungar bør ein rekne med å bruke 1-1 1/2 time alt etter alder og vilje.

 VINTERTUR: Dette fin trugetur, eventuelt ski tur når man kommer oppi høyden. Med truger burde man beregne dobbelt tids forbruk. Utvis forsiktighet ved ferdels nær vann på vinter/vår tur. 

Bruk gpx filen ( og en gpx app) om du er usikker på ruten.  

Adkomst med egen bil

Ta av frå riksveg 15 mot Remmedalen 100 meter aust for Stårheim kyrkje, følg vegen oppover bygda, ikkje ta av mot Remmedalen i neste kryss, men fortsett rett fram. Vegen flata ut og du kjem over på grusveg, følg den rett fram til veienden/parkeringsplass. Her startar stien ned til venstre frå parkeringsplassen.
Annonse

on the path