Turen startar frå Langeland Ski- og Fritidssenter og følgjer sprintløypa oppfrå stadion til ein grusveg går av til venstre ovanfor stadion. Denne vegen følgjer du vidare nedover mot flyplassen og tek til høgre før Gjøsetelva. Herfrå går vegen nordover til den ender, og du må følgje turløypetrasèen vidare til Gjøset. På denne strekninga passerer du skilt for skitrasè til Fauskestølen og den merka turstien til Massbu og Laukeland. Vegen er god, men løypetrasèen går til dels i myr og kan vere blaut. Sporet er lett å se, og er i tillegg merka med gjerdetstolper.