Fottur til Finneskotet frå Gjesdalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,8 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 298 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Turen til Finneskotet går via ein ferdselsveg som har fått namnet etter eit segn om baronen Audun Hugleikson Hestakorn på Ålhus. Du kan lese segnet lenger nede i teksten. Turen går gjennom Gjesdalen og Finneskotet slik at du ser ned til støylen Finneskotet i Holsen. Dette er ein tur i eit vakkert dalføre i vestre del av Jølster.

Turen startar frå parkeringa på Trinta i Gjesdalen, og held fram over myrane i sørlig retning mot Finneskotgrova. Heilt i starten er det viktig å kome inn på rett sti slik at du treff brua over elva ved Gjesdalsstøylen. Brua ligg litt sørvest for støylane, rett nedanfor eit einsleg støylshus som ligg heilt for seg sjølv. Etter å ha gått over myrlendt terreng i Gjsdalsdalen følgjer du elvefaret på austleg side av Finneskotgrova vidare opp skaret som går frå Gjesdalen mot Holsen. Det er eit naturskjønt område å gå i heile vegen langs elva.

Frå start til slutt går du på ein eldre sti der du tidvis møter på nokre eldre raude merker etter ein fjelltrim. Stien kan vere noko vanskeleg å finne på enkelte punkt. Stien går i myrlendt terreng gjennom heile Gjesdalen. Her kan det vere vått etter periodar med mykje regn. Ved Finneskotgrova vert terrenget noko tørrare og lettare å gå i.

Tips
I enden av skaret kan du gå ned 150-200 høgdemeter for å kome ned til støylen i Finneskotet. Dette vil forlenge turen med 1,5-2 kilometer.

Turen kan kombinerast med tur til Stølverlifjellet. Sjå lenke.

Fakta
Lengde ein veg er omlag 4,5 kilometer og 300 høgdetemer. Tid opp er omlag 2,5 -3 time.

Segn
Midt i dalen reiser det høge Drøsingfjellet seg i syd. Fjellet er majestetisk, men er ein kjedeleg solskuggar for folk i dalen. Folket visste godt at baronen Audun Hugleikson Hestakorn (1240-1302) hadde trolldomskunnige finnar i hirda si. Folket tinga Audun og finnane hans til å rette på derre berget. Audun sat at dersom kvar gardmann i bygda kunne svara ei kyr, kunen det nok verte råd med sol-problemet. På ein fastsett dag møtte alle Holsingane opp på fjellet med kvar si kyr, så nær som bonden Viskedal. Han tykte han hadde sol nok. Drøsingfjellet var ikkje noko problem for dei. Då vart eine finnen i Auduns hird sint og sa:"Rettlause skal folket i Viskedal vere frå i dag!" For å vise sin dugleik skaut tre av finnane kvart sitt skot mot Drøsingfjellet. Etter desse skota syner det tre revner i fjelletr. Den finnen som sto på Finneskotholten traff best med pila. Og frå denne hendinga kjem namnet Finneskotvegen, Finneskotstøylen og Finneskotholten. Desse namna er i bruk i dag. I heile landet er det berre eit slikt stadnamn til. (Kapstad, 2000, s 120)

Det er mange segner om baronen Audun Hugleikson Hestakorn, og du kan lese meir om baronen i lenka som ligg ved turskildringa. Segnet ovanfor fortel ein versjon av korleis Finneskotet fekk namnet sitt. Det finnes også andre segner som fortel om andre årsaker til dette spesielle stadnamnet.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden og inn på Nikolai Astrups veg. Følg denne vegen fram til fotballbane og Vassenden skule. Her tek du av opp Gjesdalsvegen. Følg denne til øverste gardane der du køyrer inn på skogsveien som ligg aust for Gjesdalselva. Betaling for å køyre på skogsveien er med Vipps. Køyr skogsveien til endes og parker på parkeringsplassen på Trinta.

Annonse

on the path