Fottur Rasteplassen Eikefjord til Strandanipa

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 12,2 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 683 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - nov

Frå Rasteplassen krysser du hovedvegen og følgjer stien mot Hovlandsstølane til du kjem inn på traktorvegen og går den opp til stølane. Frå Hovlandsstølane går du traktorvegen oppover eit stykke til. Fortset vidare på stien med raudmåla pålar som viser veg vidare. Kryss Hovlandselva på brua og gå oppover Brekkene.

På stien oppover er det skilta mot Strandanipa i Brekkene ovanfor brua. Dette er umerka sti som følgjer Lomelia vestover. Lengst ute i Lomelia går stien litt ned igjen og forbi ein liten hammar. Forbi hammaren går du mot høgste punktet mot sør-vest. Vel oppe fortset du i same retning ned mot kanten ovanfor Tonheim. Følg kanten utover mot varden på Strandanipa 668 moh.

God tur!

Adkomst med egen bil

Start frå Rasteplassen i Eikefjord på RV 5
Annonse

on the path