Gå tre støylar frå aust til vest som ein rundtur
Nord om rasteplassen ved Rv5 i Eikefjord er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka stien oppover forbi Bjønnamyra og Kleivane. Oppe ved brua er stidelet til Knapstadstøylane. Går du austover og følgjer raud/blå merking innover, kjem du til Ytrestøylen. Det er merka sti til Knappstadstøylane.
Du skal gå over brua og vidare oppover til Eikefjordstøylen. Ver spesielt merksam i Rømmeskåra. Er fjellet vått kan det være glatt og isete!
Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømme bøtta i Luciaræva og rømmen rann ned i Rømmeskåra og derav kjem namna - Luciaræva og Rømmeskåra. Frå Eikefjordstøylen er det flott utsikt over bygda og fjorden.
Turen videre frå Eikefjordstøylen går vestover til Hovlandsstølane. Det er godt merka og stien er tydeleg.
På stien ovanfor fossen ved Hovlandsstølane kryssar du elva og fortset vestover på sørsida av høgdedraget mot Kvalvikstølane. Dersom du ønsker utsikt ned mot Vassbottnevatnet kan du gå opp mot høgda og følge denne vestover til du ser Kvalvikstølane for så å ta ned til dei. Turen vestover til Kvalvikstølane er delvis merka.
Det kan vere vanskeleg å krysse elva vestafor Hovlandsstølane. Den vert lett flomstor ved mykje regn og snøsmelting! Vel då å gå traktorvegen til Kvalvikstølane for eigen sikkerheit.
Frå Kvalvikstølane går du traktorvegen ned til rasteplassen.
Turtips: Frå Hovlandsstølane kan du gå opp over til Nipevatnet, mot Skreene, Norddalsfjord, Blånipa og Strandanipa.
God tur!