Fin tur for hengekøye. Det er ein tur der ein fint kan ta med både telt og hengekøye, fin plass til overnatting.
Vil anbefale at ein tar denne turen som ein dagstur, om ein har med born under 5-6 år.
Følg skogsvegen fram til elva kjem ned og det dannar eit kryss. Hold til venstre for elva. Stien ser ein rett over elva til venstre. Tydeleg sti oppover til sætra, der ein først går i ein nydeleg trollskog før det går over i ett litt brattare terreng som kan vere sleipt på fuktige dagar og tidleg vår. Når ein ser sætra, er det litt myrlendt og stien forsvinn, men hold til høgre, stien skal gå forbi eit sel. Tydeleg sti vidare fram til vatnet.
Turen er på 1,5 km fordelt på 350 høgdemeter. Om ein ynskjer, kan ein parkere ved Lotetunnelen og gå skogsvegen søraust og over på sti.