Turen startar ved Jølstravatnet og tek deg på skogsveg opp til Ålhusstøylen. Her får du flott utsikt over heile Ålhus-grenda og Jølstravatnet.
Turstart ved Eikaasgalleriet ved Jølstravatnet, og opp Ålhusvegen der du passerer Ålhus kyrkje. Gå litt vidare nord på Ålhusvegen før du tek av opp mot gardstun og følgjer skogsveg i nordleg retning på vestsida av elva innover mot Nedrebødalen. Frå gardstunet er det lett og fin stigning på vegen i starten. Under hamrane til Grøneneven dreiar vegen mot vest og byrjar å bli brattare. Vegen gjer ein krapp sving og held fram i sørleg retning oppover mot Ålhusstøylen.
Tips
Det er kulturminneløype som er sett opp på Ålhus. Denne er skilta, og gir deg variert og interessant lokalhistorie frå Ålhus. Turen til Ålhusstøylen passar godt å kombinere saman med kulturminneløypa.
Ta eit besøk i Eikaasgalleriet der dei har sal av kaffi og vafler når det er ope galleri.
På varme dagar er det fint å ta eit bad i Jølstravatnet. Utanfor galleriet er det fine badeplassar.
Frå Ålhusstøylen kan du ta deg opp til Grøneneven. Du går i nordleg retning etter støylen. Du kjem inn i eit myrlendt og noko bratt terreng som kan vere litt tungt å gå i. Det er ikkje tydeleg sti, men den vart merka som fjelltrim i 2019. Pga. dette finn du nokre raude merke å følgje i terrenget både opp og ned. Du må legge in ein ekstra time dersom du går opp her.
Fakta
Du går på veg og skogsveg i 6,8 kilometer og 380 høgdemeter. Tid: 3 - 3,5 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Ålhus. Parker ved Ålhus kyrkje eller Eikaas galleriet.
Ta rutebuss som går langs Jølstravegen (E39). Gå av busshaldeplass på Ålhus ved kyrkja.