Start frå Øvre Standal. Det er ein fin tur oppover Råkadalen.
Følg stien til Standalsstølen og vidare mot Kyrkjestein (kartnamn, sjølve steinen ligg lengre vest og du ser den frå stien. Det vert fortalt at i gamle dager når folk frå Høydal skulle til kyrkje i Vevring brukte steinen som pause og at det var her dei skifta før dei gjekk vidare). Derifrå gå mot den vestre enden av Dyttingvatnet. Derifrå ser du varden. Gå opp til varden og vidare bort til høgste punktet 690 moh.
Det er 600 meter å gå bort til Turposten i søraust som ligg på toppen Fagernipa 685 moh frå der sporet på kartet stoppar.
Dyttingvatnet er eit middels stort vatn som er oppdemt i vestre enden. Den gamle steindemninga vart brukt til å få vatten til kverhuset i Vassbotnen. Då gjekk dei opp og opna og når dei var ferdig gjekk dei oppatt og stengte. Kvernhuset eksisterar ikkje lengre.
Sporet er gått 30.juni 2020 og er ei rettesnor for val av trace.
God tur!
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass og informasjonstavle Turstiar - Øvre Standal.