Fottur Rasteplassen Eikefjord. Eikefjordstøylen til Knollane, Nipevatnet, Skreene, Strandanipa og Hovlandsstølane. Rundtur

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 17,3 km
  • 7 t
  • Rundtur
  • 898 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - sep

Denne langturen er fin å ta som ein kveldstur midtsommars.

Turen startar frå rasteplassen i Eikefjord ved Rv5 og går stien oppover forbi Bjønnamyra og Kleivane. Vidare oppover til Eikefjordstøylen må du vere spesielt merksam i Rømmeskåra. Er fjellet vått kan det være glatt. Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømmebøtta i Luciaræva og rømmen rant ned i Rømmeskåra og der av kjem navna - Luciaræva og Rømmeskåra. Frå Eikefjordstøylen (390 moh) er det flott utsikt over bygda og fjorden.

Vi går vidare nordover og opp til Knollane ( 585 moh) , og rundar rundt Storefjelle på austsida til ferdselsvegen som kjem opp frå Litle Eikevik, føl ferdselsvegen til Nipevatnet (703 moh) og går til Skreene (719 m moh) på den gamle ferdselsvegen til Norddalsfjord.

Deretter går ein opp til Flatenipa (860 moh) turen høgste punkt, krysser over til Litlenipa/Kvitefjell (802 moh), videre bort til Strandanipa (668 moh). Vonar på solnedgang på Strandanipa .

Ned går vi forbi Vassbotnvatnet (473 moh) til Hovlandsstølane (448 moh) og traktorvegen ned til rasteplassen.

Turen går på tråkk/sti og deler av turen er merka

Sporet på kartet er gått 2.juli 2021 på fellesturen Nipenatt som ein rundtur.

God tur!

Adkomst med egen bil

Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5
Annonse

on the path