Fottur Eikefjord RV 5. Kvalvikstølane til Strandanipa og Hovlandsstølane. Rundtur

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 11,0 km
  • 6 t
  • Rundtur
  • 653 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Start ved RV 5 ved grinda og følg stølsvegen og stien opp til Kvalvikstølane. Når du kjem opp til stølen, gå på utsida av gjerdet og opp til traktorvegen. Om sommaren er det mykje lauv på trea og stien er delvis dekka av gras og bregner. Fin haust og vår tur.

Følg traktorvegen litt vestover, opp i terrenget og gjennom grinda og vidare på sti. Tråkket vi følgde gjekk både på og utanfor sti. Vi følgde steinar som var lagt som markeringar/små vardar oppover til den gamle stølsmuren nordvest for Kvalvikstølane.

Herifrå ser du eit svart berg midt i fjellsida. Gå opp til det svarte berget og passer på høgre sida. Fortset vidare nordover og etterkvart drei vestover mot toppen. Du kjem inn på den tydelege stien mest på toppen - det er stien som kjem frå Hovlandsstølane.

Følg stien på fjellryggen vestover/utover til varden på Strandanipa, 668 moh. Fin utsikt.

Tilbake gjekk vi austover via Hovlandsstølane. Det er fint nedover. Har fin utsikt og det er lite skog. Du går sør for Lomlivatnet på høgda og over til Brekkene. Frå Hovlandsstølane går du traktorvegen ned til du tar av til høgre og inn på den gamle stølsvegen, merka med raude trekantar, og ned til Eikefjord og undergangen ved Rv5.

Sporet på kartet vart gått 19 06 2019 som ein rundtur.

God tur!

Adkomst med egen bil

Parker ved "garasja" på Fv 542 og gå opp til RV 5 der sporet på kartet startar ved grinda til stølsvegen
Annonse

on the path