Fottur til Matøskja i Volda

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 12,4 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 968 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

På toppen av Matøskja er der ei sikteskive, med namn på alle toppane ein ser derifrå. Det er ein middels tung topptur. Frå Lauvhaugsætra er det 5 km ein veg. Ein går i lia skrått nordover mot ei hytte, tek vestover opp ein rygg, og skrått mot skaret ved Grøndalsvatnet. Frå skaret går ein i sørleg retning opp på fjellryggen, og etter kvart bratt opp på Blåfjellet. Ein ser ein knaus med ein varde på i eit flatare parti med steinar/blokker. Gå på vestsida av Eggene, og ein ser Matøskja som ein kolle i sør. Denne turen kan ein ta både til fots og på ski.

Adkomst med egen bil

Ein tek av frå E39 ved Straumshamn, mot Austefjorden. Omlag 500 meter vest for "sentrum" i Høydalen, tek ein bomvegen opp til ca 400 meter ved Lauvhaugsætra, der ein kan parkere.
Annonse

on the path