Fottur frå Ålhus via Gotdalsstøylen, Tolsbotnen og Litlebottsegga til Longevasshytta

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 23,8 km
  • 10 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 1471 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt

Stien frå Ålhus i Jølster er ein av dei mest krevjande stiane fram til Longevasshytta. Stien tek deg gjennom idyllisk støylsområde i Gotdalen og over høgfjellet før du når hytteveggen. Denne lange ruta har fleire flotte delmål undervegs, som også høver seg som sjølvstendige dagsturar. Turen til Gotdalsstøylen er enkel (grøn rute), mens turen til Tolsbotnen er middels krevande (blå) og til Litlebottsegga er krevjande (raud). Desse tre flotte turmåla er skildra i teksten, med både fakta om lengder og høgdemeter. På denne måten kan du velje å gå til desse dersom du ikkje vil fullføre heile den lange ruta fram til DNT-hytta.

Frå toppturparkeringa på Indrebø på Ålhus går du i nordleg retning på skogsvegen som tek deg inn dalføret. Når skogsvegen byrjar å gå i motabakkar passerer du fossen som kjem ned frå Gotdalen og held fram på skogsvegen som går heilt fram til idylliske Gotdalsstøylen. Frå støylen held du fram i nordleg retning innover dalføret. Etter ein del høgder på sti i lyng og myrlendt terreng dreiar du i austleg retning opp mot Tolsbotnen. Ved punktet 990 moh. får du flott utsikt ned mot dalføret i Årdalen der stien til Longevasshytta startar frå Legestøylen.

Frå Tolsbotnen følgjer du fjellryggen som går i nordvestlig retning opp til Litlebottsegga. Frå dette punktet på stien er det kort veg i vestleg retning opp til Litlebotsegga. Der stien er på det høgste punktet får du også utsikt over store delar av området der stien går vidare over fjellplatået mot Longevasshytta. Du ser då at det er eit terreng med mykje stein og berg som stien går vidare på. Tidleg på sesongen kan det også ligge ein del snø i dette området. Ta deg ned til vatnet på 1154 moh. ved å gå på merka sti ned ryggen i nordaustleg retning. På eit punkt går stien i nordvestlig retning ned mot vatnet som du passerer på vestlig side. Om det ligg snø og is på vatnet må du passe på å halde stien slik at du ikkje tek deg ut på svak is.

Ta ny stigning over fjellplatået der stien går i nordvestlig retning. Etter å ha passert Trollebottsegga på austleg side av deg, går stien eit stykke på berga i nordleg retning. I det du får nokre små fjellvatn på di austlege side, dreiar stien austover under desse i retning mot høgda 1074 moh. Rett vest for denne høgda held stien fram i nordleg retning der stien snor seg fint ned lia mot Longevasshytta. Etter kvart som du går nedover lia vert det stadig meir lyng, mose og myr å gå i. Tidleg på sommarsesongen kan du møte på nokre harde snøfenner. Nedover bakkane får du flott utsikt over alle fjellvatna som ligg rundt den fint plasserte Longevasshytta.

Turen går innom Naustdal -Gjengedal landskapsvernområde.

Tips
Turen til Gotdalsstøylen og til Tolsbotnen er fine delmål. Du kan og gå opp til høgste punktet på stien, og ta deg opp til Litlebottsegga. For å nå denne går du i vestleg retning frå det høgste punktet på stien, og går vidare å ryggen eit kort stykke før du når varden på Litlebottsegga.

DNT hytta Longvasshytta er eit flott turmål der den ligg plassert midt i vakre Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Longevasshytta har mange sengeplassar og høver godt som overnattinsgtur for dei som ønsker eit døgn vekke frå sivilisasjonen og mobildekninga. Les informasjon om overnatting på Longevasshytta i lenka. Det er mogeleg å fiske i vatna ved Longevasshytta. Du kan låne både båt og fiskegarn av Longevasshytta.

Du kan lage deg ein rundtur via dei to DNT-rutene som går frå Jølster til Longevasshytta. Dei fleste vel å gå til Longevasshytta frå Ålhus via Gotdalsstøylen, og ta returen ned att til Legestøylen i Årdalen. Sjå informasjon i lenke om turen frå Ålhus.

Longevasshytta er eit fint utgangspunkt for å ta fleire andre turar. Her går det m.a. stiar gjennom dalføra til både Myklandsstøylen (Kandal), Gjengedalsstøylen og Fitjestøylen i Gloppen kommune, og til Vonavatnet i Naustdal i Sunnfjord. Om du meistrar å ta deg fram på stillause toppar er det fleire mogelegheiter for dette med Longevasshytta som base.

Fakta
Heile turen frå toppturparkeringa til Longevasshytta er på omlag 11,5 kilometer ein veg og 1000 høgdemeter. På returen vert det omlag 11,5 kilometer, og 480 nye høgdemeter. Tid: 6-7 timar opp og 5-6 timar på returen. Total omlag 23 kilometer og 1500 høgdemeter. Tid: 10-11 timar t/r.

Frå parkeringa til Gotdalsstylen er gradert som grønn tur (enkel rute): Omlag 2,6 kilometer på skogsveg og omlag 300 høgdemeter. Tid: 1,5 time opp og 2,5 timar t/r.

Frå parkeringa til høgda 990 moh. ved Tolsbotnen er gradert som blå tur (middels krevande): Omlag 5,4 kilometer og omlag 700 høgdemeter. Tid: 3,5-4 timar opp og 5,5-6 timar t/r.

Frå parkeringa og opp til høgste punktet på stien ved Litlebotsegga er gradert som raud tur (krevande): Omlag 6,8 kilometer og omlag 1000 høgdemeter. Tid: 5,5-6 timar opp og 8-9 timar t/r. Merk at det er kort veg vidare opp til toppen av Litlebottsegga.

Frå høgste punktet på stien ved Litlebotsegga, over fjellmassivet og til vatna ved punktet 1074 moh. der stien byrjar å gå nedover til Longevasshytta: Det er omlag 3 kilometer med kupert fjellterreng der du går ned frå 1280 moh til omlag 1070 moh. Frå høgda 1074.moh tek du deg ned til Longevasshytta som ligg på omlag 800 moh. Distansen ned lia er på omlag 1,5-1,7 km.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Ta av til Ålhusvegen frå Jølstravegen (E39). På Indrebø parkerer du på toppturparkeringa til Sunnfjord kommune. Betaling med Vipps for parkering. I denne turskildringa er det her turen startar.

Skogsvegen vidare innover dalføret er ikkje alltid open for biltrafikk. Om den er open for køyring med bil kan du køyre denne i omlag 1,5 kilometer innover det flate partiet i dalføret. Bom kostar 50 kr (Vipps). Parker på anvist plass. Det er ikkje høve å køyre skogsvegen til endes oppover mot støylen med verken bil eller sykkel.

Annonse

on the path