Hetlastøylen i Gloppen kommune

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,9 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 294 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Hetlastøylen er eit fint turmål året rundt med fin utsikt mot Breimsvatnet og Skjorta.

Vinterstid er her stort sett spor/trakk å fylgje.

Du kan køyre nesten til støylen om sommaren, betal i så fall bompengar. (Vegen går til Kvilestøylen/Utviken, så ta av til Hetlastøylen eit stykke etter bøen)

Turen her er ein av fleire alternativ til å gå på Hetlastøylen, her kan ein kombinere sti og veg, og her er det lett å gå rundtur.

Om sommaren er her stort sett tørt og fint å gå.

Ifrå Støylen har vi bla. utsikt mot Breimsvatnet og majestetiske Skjorta.

Har du lyst på ein lenger tur kan du gå til andre støylar, eller gå på høgfjellet, td Dunheia.

Adkomst med egen bil

Bompengar om du køyrer lenger enn startpunktet på inntegna rute. Kjem du ifrå Sandane, så ta av på Sagefloten og køyr skilting til Høygardane. Køyr forbi gardane og du kjem til støylsvegen, rett før du kjem til ei kraftlinje.
Annonse

on the path