Fottur til Bjørkestølen 430 moh og Rakelbu/Fitjebotnen 690 moh frå Ortnevik

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,4 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 726 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - sep
  • Tidsbruk: Frå Ortnevik til Bjørkestølen ca. 1,5 time
  • Frå Ortnevik til Fitjebotnen/Rakelbu ca. 2 timar

Turen er skildra frå Ortnevik ferjekai. Gå, ev. køyr ca. 700 meter og parker ved Ortnevik kyrkje, krysset ved Ortnevik grendahus. Her følgjer du vegen austover langs fjorden i ca. 400 meter til ein traktorveg og vidare til stien ut i terrenget. Du vil kome til eit stidele der ein tursti går langs Sognefjorden innover til Sylvarnes og den andre turstien går til Vetlestølen, Bjørkestølen, Fitjebotn og Hegrefjell.

Turruta til Bjørkestølen og Fitjebotn/Rakelbu går på god og merka sti. Frå Fitjebotn vil du no kunne sjå opp til Hegrefjell. Du kan følgje stien (den gamle stølsruta til Solrenningane) eit stykke til, men stien går ikkje bortom Hegrefjell. Følg terrenget.

Berekn ca. 3,5 -4 timar på turen tur/retur.

Adkomst med egen bil

Hurtigbåt frå Nordeide til Ortnevik. Her er det avgrensa bilkapasitet, så bestill plass. Frå Oppedal ferjekai, køyr austover på fylkesveg 5586 mot Ortnevik, ca. 56 km. Parkering enten ved ferjekaien på Ortnevik eller køyr ca. 600 meter mot Ortnevik kyrkje og parker nedanfor kyrkja.

Annonse

on the path