Ulldalen vart brukt når ein gjekk til Børa / Haukåbøra tidlegare både på ski og til fots.
Parker ved bussstoppet ved Norddalsfjordkrysset . Ta av og gå opp i terrenget frå avkjørsla på hovedvegen. Gå nedover mot Strømsnesstølen men drei austover / til høgre før stølen og fortset vidare mot Pøysa og Ulldalsvatnet. Vidare oppover Ulldalen på hjortestiar - følg sporet på kartet. Der er eit elvedelta innst i dalen før siste oppstiging som kan vere utfordrande å krysse ved mykje vatten i terrenget.
Det er mange artige fossar, treformasjonar og hillarar oppover. Fine utkikkspunkt vestover / utover mot Haukåvatnet, Brudesløret og øyane utanfor Florø.
God tur!