Fottur til Støvringsstøylen, Grøneheia og Stølsfjellet frå Dalavatnet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,0 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 542 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Dette er ein fin tur i furuskogen i vestlege del av Jølster. Støylsturen opp til Støvringstøylen går på skogsveg med jamn og enkel stigning heile vegen. Turen opp her høver for dei fleste. Om du tek inn på sti frå støylen og går opp til Grøneheia og varden ved Stølsfjellet 724 moh. får du flott utsikt over Angedalen og fjella i Førde.

Turen startar på Støvring ved det idylliske Dalavatnet. Du går på fin og brei skogsveg heilt opp til støylstomta. På veg opp finn du fine kvileplassar og gamle kvilesteinar. Det er jamn og fin stigning på skogsveien, og du krysser nokre små grover med sildrande vatn innomellom. Frå støylstomta, som er godt rydda for skog, får du svært god utsikt over Vassenden og inn mot Jølstravatnet.

Frå støylen går du på sti i noko myrlendt terreng i nordvestleg retning mot høgda 724 moh. Du får ganske raskt opa og vid utsikt mot Jølstravatnet og Vassenden. Nokre av dei våteste partia på stien er fint tilrettelagt med treverk. Når du kjem på toppen opnar ei heilt ny utsikt seg mot Angedalen og Førde i vestleg retning.

Tips
Turen opp til Støvringstøylen frå Dalevatnet høver godt for turgåarar som ønskjer å finne stiar som ikkje er så bratte og krevjande. Ruta passar derfor godt til småbarnsfamiliar og andre som likar litt rolegare terreng. Skogsvegen eignar seg òg godt for jogging.

Du kan lage deg ein lang rundtur ved å gå vidare over heile fjellryggen til Eikåsnipa og ned att til gardane på Eikås. Frå Stølsfjellet 724 moh. gå ned att i sørleg retning mot Litledalsstrupen. Frå her går du i sørvestlig retning i kupert terreng mot Eikåsnipa. Over ryggen er det ikkje sti, men du vil kunne orientere deg via nokre små vardar av stein undervegs. Det er lurt å halde høgdene over fjellryggane sidan det her er tørrast og finast terreng. Denne turen er på omlag 11-12 km og 8-900 høgdemeter ein veg.

Fakta
Dalevatnet til Støvringsstøylen: Omlag 2 km og 230 høgdemeter. Tid: 45-60 min opp. 1-1,5 time t/r.

Dalevatnet til varden på Stølsfjellet 724 moh.: 4 km ein veg og omlag 550 høgdemeter. Tid opp: 2,5-3 timar. 5 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) ca 6-7 km vest for Vassenden og ta av på grusveg som går mot gardane på Støvring og Dalevatnet. Vegen opp frå E39 finn du rett sør for brua som går over Jølstra til grenda Kvammen.

Turen startar på privat landbrukseigedom, der ein som turgåar må syne særleg respekt for gardsdrifta. Parker bilen før du kjem til gardstunet der skogsveien startar ved Dalevatnet. Parker slik at bilen ikkje er til hinder for gardsdrifta eller trafikken.

Adkomst med kollektivtransport

Ta buss til Jølstravegen (E39) og gå av bussholdeplassen ved Kvammen. Gå opp bilvegen til turstart ved gardane på Støvring.

Annonse

on the path