Hest ligger midt i bildet
Fjellet Hest ligg i Nedstrand, nærare bestemt mellom Espevik og Liarvåg. Når du kjem til Espevik er toppen godt synleg fra vegen. Varden er 352 moh. og ligg lengst i sør på fjellryggen som strekkjer seg fra Nedstrandsvegen til Liarvåg. Sjølve fjellryggen er ei lyngkledd låghei der krattskogen kryp stadig oppover. Tregrensa ligg om lag 50 meter lågare.
Hest har i alle år vore eit ynda turmål for store og små, der den tronar over Herviksfjorden, på trass av si beskjedne høgd. Når du kjem opp til toppen openberrar det seg ei fantastisk utsikt over Ryfylkebassenget og Haugalandet. Hest er eit flott turalternativ for alle, men er ekstra godt eigna turmål for dei som ønskjer seg ei fjelloppleving utan å slita så mykje. Det kan vera eit lurt tips å la «junior» få si første fjellvandring her.
Fra parkeringsplassen på Topnes startar den delvis merka (treskilt i stidelene) stien opp til toppen. Første delen har svak stigning, og følgjer ein gammal hesteveg. Når du kjem til eit granfelt må du passa på å svinga til venstre, og her startar sjølve stigninga opp lia. Stien her er god å gå, og lett å følgja. Når du har komme opp til bjørkeskogen er du ferdig med stigninga, og stien flatar ut innover lyngheia til du er framme ved varden. Ca 1 time gange.
Alternativ: Dersom du vil ha meir utfordring kan du gå frå Ytre Amdal, som er den kortaste og brattaste løypa. Her følgjer du traktorvegen opp lia til den flatar ut. Sving til høgre, og klyv rett opp lia til du har passert eit steingjerde. Her svingar du mot venstre og følgjer ein sti som går på ei fjellhylle til heia opnar seg opp.
Eit anna alternativ er å gå frå Borgenvik. Du startat med ein traktorveg som går opp lia. Når den sluttar er det berre å fortsette oppover til du er på snauheia. Herifrå går du sørover langs ryggen til du er på varden.
Dersom du legg turen om Smørdal er det blitt ein langtur. Her må du ta deg opp lia til Hellebrekkene. Herifrå følgjer du så ryggen sørvestover til Hest. Terrenget her er nokså kupert, og det er ein del vegetasjon som skjuler den gamle stien.
Transport: Enklaste måte å komme til Hest på, er å følgje rv515 fra Skjoldastraumen mot Nedstrand. Når du kjem til Espevik tar du til høgre mot Liarvåg. Følg så fylkesvegen ca. 1 mil til Topnes. Der står det eit lite treskilt på veggen av ei raud løe som står heilt i vegkanten. Følg den nye kommunale vegen dei siste par hundre metrane opp til parkeringsplass. Ca 45 minutter kjøretid fra Haugesund.
Kart: Norge 1:50 000 1213 IV Skjoldastraumen fra Statens kartverk, eller Tysvær Friluftskart
Sist oppdatert: 2012-05-03 14:11:50
| jan | feb | mar | apr | mai | jun | jul | aug | sep | okt | nov | des |
Godt merka sentrumsnær tur som du gjerne kan ta med barna på. Noko bratt i starten, men benkar undervegs for ein pust i bakken. Rundtur med mange f…
En kort og grei topptur med utsikt til de spektakulære toppene i området! Dette er en ganske enkel skitur, med kort anmarsj og ikke så bratte pa…
God og brei stig oppover til Kyrkjetjørni der det ligg ei staseleg gamal steinbu. Stigen går vidare til Versjøen like ved. For rundtur fylg stigen…
- Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas
Opphavsrett © 2008 - 2012 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.
Har du prøvd denne turen? Del dine erfaringer her