Frå Hardingaskaret på turen inn til Hundsøyra. Flott utsyn over Maurangerfjorden, Enes og Hardangerfjorden.
Beskrivelsen legg vekt på skituren. Følg anleggsvegen frå Nordrepollen opp Øyresdalen, forbi Goddalsvatnet til under demningen ved Svartedalsvatnet, om lag 800 moh. Som regel er det brøytt til Goddalsvatnet til påsken. Dette endrar seg frå år til år, alt etter snømengda i fjellet. Ta kontakt med Kvinnherad Turlag for å få oppdatert informasjon om forholda.
Tidleg på året kan du gå over Goddalsvatnet, men isen kan vera usikker. Følg då anleggsvegen. Av og til hard, bratt snøfonn i vegen langs nordaustsida av Goddalsvatnet. Sjå opp for steinsprang i bratte skråningar fram til flatare terreng i Markjelke. Seint i sesongen er det ofte brøytt til Markjelke, noko som kortar inn turen med 1 1/2 time. I Markjelke var det før kraftutbygginga murar etter 14 stølshus. Desse var i bruk av gardar langs Sørfjorden som leigde stølsgrunn av Baroniet. Fonna laut kryssast på veg til stølane, viss ein ikkje tok seg fram i dalføret mellom Fonnadelane.
Frå Svartadalsvatnet opp til pkt 1089, vidare over Pyttafloene til Hardingaskaret. Ute i skaret får du eit storfelt utsyn over Maurangerfjorden. I tidlegare tider var her stølsveg opp for hest og kyr, og herifrå kunne ein også ta seg over til Sørfjorden gjennom Kvitnadalen. Seinare vart det turistveg i Hardingaskaret. Denne førte vidare mot Hundsøyra og Holmaskjer inne på Fonna. Frå 1860-talet overtok ridevegen frå Gjerde/Øvrehus til Mysevatnet, Urdabotnen og Hundsøyra mesteparten av ferdsla. Hardingaskaret var rasutsett.
Turen vidare går forbi pkt 1267, over Floetjørnane og opp til Hundsøyra, 1464 moh. Hit går du utan å vera inne på bre. Frå Hundsøyra er det ein knapp time i sørvestleg retning til hytta på Holmaskjer. Til vanleg er dette ei svært trygg brestrekkje, som var trasé for den eldste hesteskyssen frå Gjerde i Austrepollen til Odda på 1800-talet. På returen kan du følgje same ruta.
Sist oppdatert: 2012-05-03 13:34:07
Turen starter på merket sti rett nedenfor Olalihytta og følges ned til furevasselva og oppover langs denne til en kommer til der elva renner ut fra…
Vil du ha en litt lengre dagstur til Olalihytta fra parkeringa ved Olalivegen, kan du fortsette inn mot Vådlistølene. Da går løypa mellom noen …
Turen til Grostølsnuten går i åpent høyfjellsterreng i et vidstrakt landskap. Det er T-merket sti fra østsida av E 134 ved Heskjabakk på Seljes…
- Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas
Opphavsrett © 2008 - 2012 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.
Har du prøvd denne turen? Del dine erfaringer her