Utvalet er eit bindeledd mellom alle innbyggjarane i bygda og kommunen. Alle i grenda Ølen over 16 år er automatisk medlem i Grendautvalet.
Utvalet skal arbeida for å få til ei levande og god bygd å bu i og tek difor opp saker som er av allmennyttig interesse. Alle kan koma med innspel om saker. Utvalet er også høyringsinstans i saker som særleg vedkjem Ølen.