Fin og lett tur til setrane lengst inne i Erdalen og Vetledalen. Naturen er majestetisk med bratte fjell og breear på toppen. Dette er ein gamal ferdselsveg over Jostedalsbreen.
Ein kan velge om ein vil gå heile turen fra gardane på Greidung eller køyre bomvegen til Loppeset. Bomvegen er grusveg som svinger seg opp bakkane.
Turen til setrane er enkel og fin for barn. På setrevollen er der beitande husdyr om sommaren.
På Vetledalsetra har DNT turisthytte.
Vetledalsetra er også utgangspunkt for tur over Jostedalsbreen.