Turen går opp begge trekkstraseane i Jølster skisenter. Du kan velge om du vil gå opp begge traseane, eller køyre opp til Øygardsstøylen og berre ta den siste. Uansett; ruta går rett på sak opp skibakkane! Her får du definitivt rask høg puls og mjølkesyre i beina!
Traseane er mykje brukt som trimområde i sommarhalvåret. Kvar haust arrangerast fylkes første motbakkeløp opp den eldste trekktraseen, som er den nedste. Løpet heitersjølvsagt "Trekktraseen opp" . Pga. ulike Strava-ruter er det og mange trimmarar som testar formen sin i dette området om sommaren.
Ved øvste vendehjulet er det fint å gå vidare mot Kvamsfjellet. Du går i lett, ope og fint fjellterreng utanfor sti opp mot toppen. Det artige med Kvamsfjellet er at du på godværsdagar kan gå i timesvis på denne fjellvidda, og stadig få ny utsikt og oppleve noko nytt. På veg ned att kan du utnytte dette og gå dine eigne vegar ned att, eller følgje sporet som er eit resultat av vanding litt "på måfå" ned att. I lenka som er lagt ved er det spora rute som rundtur rundt Kvamsfjellet. Du kan velje å nytte dette sporet vidare over fjellet.
Sjølv om dette er ein godt besøkt nærtur må du hugse at du er på høgfjellet på toppen av Kvamsfjellet. Du er i terreng som kan bli vanskeleg å orientere seg i dersom skodda kjem.
AC Kapstad for IST
Ta av E39 ved Jølstraholmen senter og køyr mot Jølster Skisenter. Parker ved varmestova dersom du vel å gå begge traseane opp. Om du vel å starte turen ved Øygardsstøylen, og berre gå den eine traseen oppover, betaler du bom for å køyre skogsvegen opp. Du betaler med kort i bom-automaten.