Ruta til Steinkorsen er den same som til dagsturhytta og startar frå garden Kringla, og går via Kringlestølen og Mallasvikstølen. Det er laga to parkeringsplassar, der den øverste ved garden er privat med betaling kr 30. Følg stien langs elva og sidan på stølsvegen til Kringlestølen. Bratt og steinete sti, men den er forhaldsvis lettgått. Sidan i flatare terreng til Mallasvikstølen, 200 m forbi stølen delar stien seg. Ta stien til venstre opp mot Kringlevatnet. Deretter går turen på god sti opp på høgda over Kringlevatnet. Toppen på Steinkorsen ligg eit par hundre meter etter dagsturhytta, langs stien til venstre. Ruta er godt merka og skilta. Det er òg gjort mykje arbeid med drenering og steinlegging.