Brennesteg (520 m.o.h.) frå Blikra

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 2,7 km
  • 1 t, 15 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 462 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
God traktorveg som slynger seg 2,5 km opp gjennom granskog og bjørkeliar til Buskard der traktorvegen sluttar. Halvvegs oppover på traktorvegen ser du vassinntaket i elva til småkraftverket som er bygd ved elva nede hos Åsmund Kalstveit på Svantesvoll - dette leverer all straum til 2 gardsbruk – Svantesvoll og Blikra - overskotet blir seld. Nedanfor inntaket til vassverket kan du også sjå små jettegryuter i elva. Sjå skilt til desse.
Følg traktorvegen vidare omlag 150 m oppforbi vassverkinntaket – då kjem du til til skiltet ”KVILESTEINEN” - her må du ta ein pause og sjå utover bygda og ta deg innatt etter tunge bakkar oppover. Det var alltid vanleg å kvila her i gamle dagar for folk på Blikra som skulle til fjells. Før traktorvegen kom, måtte dei gjerne ta ein matbit også her på steinen før turen gjekk vidare oppover enda fleire bratte liar.
Oppe ved Buskard (ca. 500 m o. h.) står det namneskilt til andre fine turar i fjellet.
På Brennesteg er det ein turkasse til speiderane med bok i – skriv deg inn i denne og bli med på Nutafantkonkurransen.
For den som ønsker ein lengre tur er det merka sti vidare til Friarane og Hovda. Med evt. retur til Vestvoll eller Gjerdesdalen.

Terreng:
God traktorveg til Buskard gjennom bratte liar. Frå Buskard tar du til høgre på godt merka sti - denne er lett å gå på bort til varden.

Fottøy:
Gode sko er å anbefala.

Adkomst med egen bil

Kjør om lag 2,5 km frå Knapphus mot Ølen på E134 til du kjem til vegkryss med skilt til Blikrabygda. Ta av til høgre og følg denne vegen 3,8 km - ta av til venstre 100 m etter at du har passert brua nedanfor Blikrabygda bedehus. Følg vegen 300 m og ta av til venstre ved Egil Leifsen - her ser du TURSTI-skilt ved postkassestativet. Kjør gjennom gardstunet til Egil Leifsen og opp til neste gard. Her finn du parkeringsplass like ovanfor løa hos Torunn Blikra. Her står info.tavle og skilt til dei ulike turane. Her er felles utgangspunkt for fleire fine turar på traktorveg langt oppover.
Annonse