logo

Sogn og Fjordane Turlag

Sogn og Fjordane Turlag (SFT) vart skipa i 1983 og fyrste leiar i laget var Eivind Skjerven frå Stryn. Sju lokallag slutta seg til fylkeslaget ved oppstart, men alle dei andre laga kom til etterkvart. Nåverande styreleiar er Siv Merete Stadheim, som er busett i Førde.

Sogn og Fjordane Turlag med sine 8350 medlemer og 14 lokallag er den største friluftsorganisasjonane i Sogn og Fjordane. Barna sitt Turlag har 29 eigne lag i fylket, 7 DNT-ung lag og 5 hav- og fjellsportgrupper.

I år har vi over 500 heildagsturar på programmet. I tillegg kjem alle dei lokale midtveketurane som vert annonserte etterkvart.

SFT driv informasjonsteneste med kontor i Førde. Her kan du få informasjon om hytter, ruter og turar i heile fylket. Opningstida er måndag-fredag kl. 9-15.