Steinkorshytta - dagsturhytte i Sunnfjord kommune

    Legg til huskeliste
    1619
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Sunnfjord kommune har fire dagsturhytter. Steinkorshytta er ein av desse.

    Steinkorshytta ligg på om lag 700 moh., litt under fjelltoppen Steinkorsen. Turen er middels krevjande og tek 40-60 minutt alt etter tempo.

    Turen startar på garden Kringla om lag 3 km vest for Naustdal sentrum. Den ligg på ca. 300 moh.

    Dagsturhytta er eit...

    Fasiliteter

    • Strømovn
    • Wc

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse
    Fjordane

    Adkomst sommer

    Ved bensinstasjonen i Naustdal tar du av til fv. 611 mot Stavang. Etter 1,2 km er det skilta mot Kringla. Grusvegen til Kringla er omtrent 3 km og fører til ein parkeringsplass for dagsturhytta. Kjører du lenger er det parkeringsavgift ved husa på garden Kringla.

    Ruta til dagsturhytta følgjer den same merka turstien som går til Steinkrossen frå Kringla, via Kringlestølen og Mallasvikstølen. Når ein ferdast her er det viktig å hugse å lukke grinder ettersom det går mykje husdyr i området.

    Følg stien langs elva og sidan på stølsvegen til Kringlestølen. Stien er dels bratt og steinete, men godt opparbeidd, og merka og enkel å finne. Terrenget flatar ut før Mallasvikstølen, og 200 m forbi stølen deler stien seg. Ta stien til venstre opp mot Kringlevatnet. Deretter går turen på god sti opp på høgda over Kringlevatnet. Kringlestølane ligg på om lag 550 moh. I Kringlevatnet og i vatnet ved hytta er det fint å bade.

    Adkomst vinter

    Ved bensinstasjonen i Naustdal tar du av til fv. 611 mot Stavang. Etter 1,2 km er det skilta mot Kringla. Grusvegen til Kringla er omtrent 3 km og fører til ein parkeringsplass for dagsturhytta. Kjører du lenger er det parkeringsavgift ved husa på garden Kringla.

    Ruta til dagsturhytta følgjer den same merka turstien som går til Steinkrossen frå Kringla, via Kringlestølen og Mallasvikstølen.

    Følg stien langs elva og sidan på stølsvegen til Kringlestølen. Terrenget flatar ut før Mallasvikstølen, og 200 m forbi stølen deler stien seg. Ta stien til venstre opp mot Kringlevatnet. Deretter går turen opp på høgda over Kringlevatnet. Kringlestølane ligg på om lag 550 moh.

    SjekkUT | Steinkorshytta - dagsturhytte i Sunnfjord kommune

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    1619

    SjekkUT-besøk