Kloppemyrhytta - dagsturhytta i Stryn

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    Ingen sengeplasser
  • Åpningstider
    Hele året

Dagsturhytta i Stryn kiommune ligg på Kloppemyra ovanfor Vik i Stryn. Hytta har platting rundt og er ein kjekk tur på mjukt skogunderlag.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

Les meir:

Fasiliteter

  • Wc
  • Vedovn

Tilpasset for

  • Skoleklasser

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Parkering til Dagsturhytta er på grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion. Ta av frå rv. 15 mot Stryn næringspark.

Du kan også parkere ved Stryn vinterski. For å kome til Stryn vinterski tar du av frå rv. 15 ved skiliting til skisenter ved Esso. Følg skilting til skisenter gjennom boligfeltet.

Sjå stien frå dei to ulike parkeringsplassane teikna i kartet på Stryn kommune si heimeside.

Frå parkeringsplassen på Stryn stadion går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Her kan du gå vidare retning Stryn vinterski. Stien har ein svak stigning, for det meste i lett skogsterreng. Hytta ligg på om lag 250 moh.

Frå parkeringsplassen ved Stryn vinterski (350 moh) følgjer du turløypetrasèn ca. 500 m, svingar til venstre og følgjer merka sti nedover mot Kloppemyrhytta/sentrum.

Frå grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion til Kloppemyrhytta: Om lag 1,5 km. 30–45 min roleg gange.

Frå parkeringsplass Stryn vinterski – Kloppemyrhytta ca.1,7 km. Ca.30 -45 min roleg gange.

Annonse

Eier

Vestland fylkeskommune
Værvarsel ikke tilgjengelig