Råkeneset

Råkeneset

Om hytta

  • Område
  • Betjeningsgrad
    Ubetjent
  • Sengeplasser
    8 sengeplasser
  • Åpningstider
    Hele året

Råkeneset er DNTs vestligste hytte og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord om Hardbakke i Solund kommune. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke.

All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.

Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om ”bruk er den beste form for vern”, må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset.

Kjøkenkroken er tilrettelagt med gasskokeapparat og kokekar i tillegg til dekketøy. Drikkevatn finn ein i dunkar som er plasserte ved inngangsdøra. Merk: dette må berre nyttast som drikkevatn. Vatn til vask og reingjering finn ein i brønnen. Merk: Ver varsam når ein opnar luka til brønnen.

Turruter i nærleiken av Råkeneset

Fjellområda aust for Råkeneset og Råke er dei blant dei vestlegaste i landet. Få høgdemeter opp frå stranda har ein storslagen utsikt over øyar, spanande landskap, vakker kyst og Nordsjøen. Stiane er ikkje godt merka, men turen opp til Pollatinden (541 moh) når ein frå Råke og lenger nord i nærleiken av p-plassen. Har ein kajakk gjev øyane vest for Råkeneset mange spanande opplevingar.

Dette er ikkje tillete på og ved Råkeneset

  • Ein må ikkje påføre skade eller foreta seg noko som kan skade inventar eller bygningar.
  • Telting er ikkje tillete på den del av Råkeneset som er verna, sjå oppslag. Dette må føregå i utmark og ikkje på innmark, etter dei reglar som gjeld jfr. allemannsretten.
  • Ein må ikkje kaste stein på sjøen.
  • Det må ikkje tennast open eld eller nyttast grill som vert plassert rett på mark, stein eller svaberg.

Prisar for overnatting

Medlemmer DNT / ikke medlemmer:
Vaksne: 150,- / 200,-
Ungdom: 75,- / 100,-
Barn (0-12 år): Gratis / gratis

Sist oppdatert 16.02.2019

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Råkeneset ligger 20 minutt gange frå fylkesvegen til Strand. Her kan ein parkere langs vegen. Stien sørvest til Råkeneset går gjennom utmark og følgjer den gamle ferdselsvegen til Råkeneset.

Papirkart

Kartblad: 059 Askvoll - Solund