Bessheim Fjellstue og Hytter

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    180 sengeplasser
  • Åpningstider
    Betjent i perioden 5. juni - 4. okt.

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Vintersesongen varar frå 6. februar til 17. mai 2020, og Gjendeguiden har guida turar til Besseggen kvar fredag frå 7. februar til 3. april. Fottursesongen startar fredag 5. juni i 2020, for da startar Gjendebåten å frakte passasjerar for å gå Besseggen. Gjendebåten går kvar dag fram til 4. oktober 2020, og vi held ope like lenge. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.

Bessheim Fjellstue og Hytter gjev 5% rabatt til DNT-medlemmar på rom utan bad.

Bessheim Fjellstue og Hytter ligg aust i Jotunheimen like ved riksveg 51 over Valdresflye. Bessheim ligg 5 km frå brygga ved Gjende.

Bessheim har 27 rom inne på fjellstua. På alle romma er det oppreidde senger og på dei fleste av dei er det eiga bad med dusj og toalett.

Du finn 27 hytter og leilegheiter som rundt fjellstua. Det er forskjellig storleik og standard på desse. På dei fleste av hyttene og romma er det dusj og toalett. Det er dyner og puter i hyttene og leilegheitene, så gjestane må ha med seg trekk sjølve. Eventuelt kan du leige trekk.

Fin teltplass nede ved Øvre Sjodalsvatn.

Kvar kveld serverer vi treretters middag. Om morgonen har vi frokostbuffé der gjestane kan smørje seg niste for å ta med på tur.

Det løner seg alltid å bestille direkte til Bessheim. Vi har online booking. NB: I helgene sist i august og i heile september tek vi i mot bestilling berre på heile helger. Og da må du sende ein e-post i staden for å bruke webbookingen. Vi har ledige både hytter og rom i dei populære hausthelgene enda!

KORONA VÅREN 2020:

Vi stengde Bessheim den 17. mars på grunn av korona. Frå 20. april leiger vi ut hytter med dusj, toalett og kjøken. Det er bra med snø og vi håpar på fint vær og skiføre utover våren. Det blir kjørt skiløyper på Valdresflya kvar dag. Vi tilbyr også catering av ein god koldttallerken med heimelaga smakebitar av til dømes rein, elg, hjort, fjellaure, eggerøre, potetsalat, flatbrød, smør og brød til gjestar på hyttene. Bestill i god tid. Kr. 325,- per person. Vi sel også flasker med vin og lokale øl.

Avbestillingsreglane kjem vi ikkje til å vera strenge på framover. Både korona og været kan spela inn for om du har lyst til å ta turen til fjells. Men vi vil gjerne vite det 3 dagar før dersom du vil avbestille.

Vi leiger ikkje ut rom eller har matservering inne i hovudbygningen før 5. juni.

Vi held parkeringsplassen open, så dersom du vil gå på ski frå her så er du sjølvsagt velkomen til det. Det kostar kr. 70,- per dag. Gratis for dei som overnattar i hytter her på Bessheim.

Beste helsing Kari og Bjørn

Fasiliteter

  • 220v
  • Kortbetaling
  • Tørkerom
  • Peis
  • Fiske
  • Servering
  • Strømovn
  • Mobildekning

Tilpasset for

  • Barnevennlig
  • Barnevogn

Slik kommer du deg dit

Tilgjengelig med

  • Kollektivtransport
  • Bil hele året
  • Sykkel

Adkomst sommer

Veg frå Valdres via Beitostølen og Valdresflye og frå Vågå og Sjoa i Gudbrandsdalen (E6). Bussrute frå Vågå/Otta og Fagernes/Oslo. Valdresekspressen går fleire gonger om dagen gjennom sommar- og haustsesongen.

Adkomst vinter

Fylkesveg 51 over Valdresflya blir ikkje brøytt, men i 2020 opnar vegen 1. april. Sjekk vegvesen.no.

Varsel

Værvarsel for Bessheim fjellstue. Vis på YR.no
Fre (13.08)Skyet18º0 mm
Svak vind (2.8m/s) Sør-sørvest
Lør (14.08)Lettskyet19º0 mm
Svak vind (2.2m/s) Sør
Søn (15.08)Klarvær21º0 mm
Lett bris (4.2m/s) Sørvest
Man (16.08)Delvis skyet19º0 mm
Svak vind (2.1m/s) Sør
Tir (17.08)Regnbyger18º3 mm
Svak vind (2.2m/s) Sør-sørvest
Ons (18.08)Delvis skyet18º0 mm
Svak vind (2.7m/s) Vest
Tor (19.08)Delvis skyet17º0 mm
Lett bris (3.4m/s) Sørvest
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Papirkart

Kartblad: Sjodalen 1618-2 (2009)

Annonse
Værvarsel for Bessheim fjellstue. Vis på YR.no
Fre (13.08)Skyet18º0 mm
Svak vind (2.8m/s) Sør-sørvest
Lør (14.08)Lettskyet19º0 mm
Svak vind (2.2m/s) Sør
Søn (15.08)Klarvær21º0 mm
Lett bris (4.2m/s) Sørvest
Man (16.08)Delvis skyet19º0 mm
Svak vind (2.1m/s) Sør
Tir (17.08)Regnbyger18º3 mm
Svak vind (2.2m/s) Sør-sørvest
Ons (18.08)Delvis skyet18º0 mm
Svak vind (2.7m/s) Vest
Tor (19.08)Delvis skyet17º0 mm
Lett bris (3.4m/s) Sørvest
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt