Fuglesteg

Annonse

Om hytta

Luster turlag har åpent for booking av overnatting ut oktober 2020.

Vi fyljer DNT sine Corona råd som no kort er:

  • Booking. For å overnatte må du bestille på førehand. SMS til Kari Ødegård 48077262 fram til 20 juni og etter 8 august.
  • Ta med eige sengtøy (ikkje sovepose eller lakenpose)
  • Om du ikkje er familie så er det maks 5 i gruppa.
  • Nokre endra regler for matlaging og vask.
  • Det blir maks 3 grupper kvar natt.

Ta med det du treng av mat, Fuglesteg har ikkje matvare-lager.

Ver merksam på at rutinane kan bli endra på kort varsel

Om Fuglesteg: Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ein opplevelse av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985. Luster Turlag har sett i stand huset og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Her er det 23 senger. Låven er og satt i stand og har 8 senger. Fuglesteg egner seg godt til skoleklasser.

Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel. Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarsesongen har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/ syltetøy og kaffi/ saft. Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement. Der er bord til å dekka opp til ca 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande. Sessongen for servering er nå over ( 14.09.20)

Det er ein spanande dagstur til Fuglesteg enten frå Fortun eller Turtagrø. For dei som går frå hytte til hytte vil Fuglesteg vera eit naturleg start- eller avslutningspunkt på turen. Det er merka rute til Turtagrø. Då er ein inne på rutenettet til Jotunheimen via Skogadalsbøen eller Fannaråkhytta, og til Breheimen via Stølsdalen. Dessutan er det praktfulle turar å ta på sørsida av Austanbottstindane via Gravdalen til Gravdalen, Avdalen, Vetti eller Stølsmaradalen i Årdal.

Besøk på nabogarden Furåsen kan vera interessant, og derifrå kan ein å gå opp på vårstølen Hovden.

Dersom du ikkje har nøkkel, kan du få tak i den hjå Stein Bugge Næss, 6875 Høyheimsvik (Luster Fjordhytter), tlf. 57 68 65 00. Nøkkelen kostar kr. 100,- (depositum) og du må vera DNT-medlem for å få kjøpe nøkkel.

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, rasfare og farleg å gå opp.

Prisar for overnatting og dagsbesøk
Medlem DNT/Ikkje medlem
Dagsbesøk 40,-/50,-
Overnatting vaksnekr. 200,-/300,-
Overnatting ungdom 13-26 år kr. 100/kr. 200,-
Overnatting born 4-12år(saman med føresette) kr.50/ kr. 100,-
Overnatting born 0-3år (saman med føresette)Gratis /Gratis

Legg pengar i konvolutt med namnet ditt på og skriv kva beløpet gjeld, eller skriv namn, adresse og kontonummer på konvolutten og ta med deg giro og betal på nettbanken. Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje. NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg og hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom!

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris. Kontaktperson Fuglesteg: Stein Bugge Næss tlf. 57 68 65 00 evt. e-post: stein.naess@luster-fjordhytter.com

Fasiliteter

  • 12v
  • Servering
  • Mobildekning
  • Utleie
  • Vedovn

Tilpasset for

  • Barnevennlig
  • Skoleklasser

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Frå fv. 55, Sognefjellsvegen, rett etter første svingen ovenfor Coop-butikken i Fortun. Det er god plass for parkering av bilar på grusbana som ligg mellom Fortuna Kafe/Pensjonat og skulen. Dersom det er plass, går det også an å parkere på venstre side like forbi fyrste venstresving etter at du har passert butikken i Fortun på vegen mot Sognefjellet. Start på motsett side av riksvegen. Her er det sett opp informasjonstavle, grind og skilt der ein skal ta av. Hugs å lata att grindane etter deg! 1 til 1,5 timar opp.

Frå Berdalsfjellet på Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal. Turen ned frå ca. 1300 meters høgde via stølane Berdalen og Heimdalen tar 2 1/2-3 timar.

Adkomst vinter

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, ras og farleg å gå hit.

Varsel

Værvarsel for Fuglesteg. Vis på YR.no
Man (27.09)Delvis skyet7º0 mm
Svak vind (2.1m/s) Sørvest
Tir (28.09)Klarvær15º0 mm
Flau vind (0.7m/s) Vest
Ons (29.09)Skyet14º0 mm
Svak vind (1.9m/s) Sør-sørøst
Tor (30.09)Skyet12º0 mm
Lett bris (3.6m/s) Sørøst
Fre (01.10)Skyet12º0 mm
Laber bris (5.8m/s) Øst
Lør (02.10)Skyet12º0 mm
Laber bris (6.8m/s) Øst
Søn (03.10)Skyet12º0 mm
Laber bris (7.1m/s) Øst-sørøst
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Papirkart

Kartblad: 063 Hurrungane

Annonse
Værvarsel for Fuglesteg. Vis på YR.no
Man (27.09)Delvis skyet7º0 mm
Svak vind (2.1m/s) Sørvest
Tir (28.09)Klarvær15º0 mm
Flau vind (0.7m/s) Vest
Ons (29.09)Skyet14º0 mm
Svak vind (1.9m/s) Sør-sørøst
Tor (30.09)Skyet12º0 mm
Lett bris (3.6m/s) Sørøst
Fre (01.10)Skyet12º0 mm
Laber bris (5.8m/s) Øst
Lør (02.10)Skyet12º0 mm
Laber bris (6.8m/s) Øst
Søn (03.10)Skyet12º0 mm
Laber bris (7.1m/s) Øst-sørøst
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt