Grindaflethytta

Grindaflethytta

Om hytta

Grindaflethytta som er ei sjølvbeteningshytte og open heile året, ligg ved Grindafletvatni, 1086 moh, i eit fantastisk fjellområde mellom Raundalen og Sognefjorden. Hytta stod ferdig i 1972 .

Hovudhytta inneheld eit stort opphaldsrom med kjøkkenkrok, matkrok og salong. Der er to soverom med til saman åtte køyer, gang og proviantlager i hytta. I sikringshytta er det eit opphaldsrom med kjøkkenkrok, matbord og fire køyer. Det er også eit mindre soverom med to køyer og ein større gang med do og lagerplass for ved. På baksida (austveggen) av hytta er det eit lagerrom.

Hyttene har lys frå solcelleanlegg og propananlegg til koking. Opphaldsromma har vedomner til oppvarming. Det er dekketøy til 25 personar og det er eit heller velutstyrt proviantlager. Til saman er det 14 køyer som er utstyrt med doble madrassar, slik at langt fleire kan overnatta.

Terrenget rundt Grindaflethytta er variert med eit rolegare terreng mot Vossetraktene og eit heller vilt terreng mot Sogn. Dersom du ynskjer å gå andre turar enn dei T-merka rutene inn til Grindafletene, er det fullt mogeleg. Den mest kjente turen er til garden stigen ved Aurlandsfjorden. Herifrå må ein ha båtransport.

Ein annan flott tur er til Ramsøynuten som ligg nord-vest for hytta. Dette er eit fint utsiktspunkt og tar 3-4 timar t/r. Enno meir dramatisk utsikt får ein om går vidare til Vindeggi. Herifrå kan ein sjå rett ned på Nærøyfjorden, Gudvangen. Tur til Flenjabrystet (nord-aust) kan ein også tilrå. Terrenget rundt hytta er generelt ypparleg eigna til dagsturar, så vel sommar som vinter.

Aktuelle kart:

Norges-serien:"Aurland 10047"

Turkartserien: Nærøyfjorden (2006) og Rallarvegen (2010) 1:50 000 fra Nordeca.

Sist oppdatert 22.01.2019

Fasiliteter

  • 12v
  • Kortbetaling
  • Fiske
  • Teltplass
  • Vedovn

Tilpasset for

  • Hund
  • Barnevennlig

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Grindaflethytta ligg sentralt plassert mellom Stalheim og Flåm, og det er fleire T-merka stiar inn til hytta.

Frå Raundalen kan du koma langs merka sti frå Ljosanbotn via Borgarebuvotni, Svehaugane, Stordalen og Jøtebotnen. Eit godt alternativ er å gå frå Upsete, inn Breidalen og over Rustedalseggi til ein møter stien frå Ljosanbotn, rett før Svehaugane.

For å koma til Ljosanbotn eller Upsete kan ein nytta tog både frå Voss og Flåm/Myrdal. Bil kan nyttast frå Voss til Ljosandbotn.

Frå Fyre (Stalheim) går det merka sti opp Øvsthusdalen, over Stangahøgdi og langs Fyresdalen. Det finst gode busstilbod både frå Voss og Flåm til Stalheim.

Frå Flåm går den merka stien frå Brekke, opp Ljosdalen, forbi Soleifletvatnet og over Raudeggi.

Frå Langhuso (Undredal) går stien opp frå stølen og inn Jonadalen, over Rosshamrane, forbi Fessene og over Skammadalshøgdi.

Turen frå hytta til Undredal tek ca 7 timar. Dei andre rutene som her er nemnde, tek frå fem til seks timar.

Adkomst vinter

Ruta Fyre-Grindaflet-Borgarbuvvotni (Ljosandbotn) er som regel grei å gå også før den vert kvista. Sjå spesiell omtale om rutene. Kvistinga skjer vanlegvis eit par veker før påske og går frå skoggrensa i Øvsthusdalen. Frå Fyre er ruta kvista litt etter enden av ubrøytt skogsveg litt sør for sommarløypa

For å koma til Ljosanbotn kan ein nytta tog både frå Voss og Flåm/Myrdal.

Papirkart

Kartblad: 051 Flåmsdalen - Nærøyfjorden