Longevasshytta

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    11 sengeplasser
  • Åpningstider
    Hele året
  • Nøkkel
    Ulåst

NB! Ihht. gjeldande retningsliner for smittevern må plass på hytta reserverast på førehand. Vi ønskjer at bestillinga av besøk skjer på følgjande måte:

Send e-post til indresunnfjord@dnt.no

Hytta ligg ved Naustavassdraget inst i Naustdal kommune, mellom Inste Longevatnet og Vassvendevatnet. Hytta har 11 sengeplassar, sovasofa og stor hems. Det har overnatta 25-30 personar samtidig i hytta.

Longevasshytta er sjølvbetjent, det vil seie at der er eit avgrensa matlager som turgåarar kan nytte seg av mot betaling. Der er rikeleg med dyner og madrasser, slik at du kun treng å ta med lakenpose. Hytta har spisebord med plass til mange personar. Det ligg kano ved Vassvendevatnet (eller under hytta). Ved Inste Longevatnet finn du båt, ein kvit Pioner 12. Den ligg enten fortøyd på stranda eller vinterlagra i naustet. Bruk redningsvestar! Uthuset har to "køyer" som hundeeigarar kan nytte, krev gjerne litt rydding. Hytta har fått ny utedo, sørvest for hytta, tydeleg sti. Det er forsiktig merka sti vidare frå utedoen ned til naustet.

Mobilforhold:

Longevasshytta er den hytta det er dårlegast dekning på/rundt. Utan ekstra antenne er det ikkje muleg å få kontakt på mobiltelefon i området rundt hytta.

I sommarsesongen har vi ei antenne som vi heng opp ute på hytteveggen. Dei som har telefon med antenneuttak kan bruke denne. Det skal ligge overgangar som passar til dei fleste telefonane på hytta.

På GPS finn du hytta her: UTM 32V 0354094 6835669

Fasiliteter

  • Vedovn

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Dei mest vanlege vegane inn til hytta er frå Legestøylen i Årdal, Øvrebø på Ålhus, Nes i Naustdal, Gjengedalsstøylen i Hyen, Fitjevårstøylen på Sandane og Myklandsstøylen i Myklandsdalen.

Varsel

Værvarsel for Longevasshytta. Vis på YR.no
Fre (13.08)Tåke13º0 mm
Svak vind (2.2m/s) Sør
Lør (14.08)Delvis skyet13º0 mm
Svak vind (2.6m/s) Sørvest
Søn (15.08)Klarvær15º0 mm
Svak vind (2.6m/s) Vest-sørvest
Man (16.08)Klarvær17º0 mm
Svak vind (1.6m/s) Nord
Tir (17.08)Delvis skyet17º0 mm
Flau vind (1.3m/s) Vest-sørvest
Ons (18.08)Delvis skyet16º0 mm
Flau vind (1.5m/s) Vest-nordvest
Tor (19.08)Delvis skyet14º0 mm
Svak vind (2.7m/s) Sørvest
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Papirkart

Kartblad: 074 Gloppen

Annonse
Værvarsel for Longevasshytta. Vis på YR.no
Fre (13.08)Tåke13º0 mm
Svak vind (2.2m/s) Sør
Lør (14.08)Delvis skyet13º0 mm
Svak vind (2.6m/s) Sørvest
Søn (15.08)Klarvær15º0 mm
Svak vind (2.6m/s) Vest-sørvest
Man (16.08)Klarvær17º0 mm
Svak vind (1.6m/s) Nord
Tir (17.08)Delvis skyet17º0 mm
Flau vind (1.3m/s) Vest-sørvest
Ons (18.08)Delvis skyet16º0 mm
Flau vind (1.5m/s) Vest-nordvest
Tor (19.08)Delvis skyet14º0 mm
Svak vind (2.7m/s) Sørvest
*Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt