Bessheim Fjellstue og Hytter

Bessheim Fjellstue og Hytter

Om hytta

  • Område
  • Betjeningsgrad
    Betjent
  • Sengeplasser
    150 sengeplasser
  • Åpningstider
    Betjent i perioden 8. feb. - 19. mai ()

Bessheim Fjellstue og Hytter gjev 10% rabatt til DNT-medlemmar. Her er det hytteutleige heile året. Fjellstua er betjent frå ca. 10. februar til ca. 1. oktober kvart år.

Bessheim Fjellstue og Hytter ligg aust i Jotunheimen like ved riksveg 51 over Valdresflye 5 km frå brygga ved Gjende.

Bessheim har 27 rom inne på fjellstua. På alle romma er det oppreidde senger og på dei fleste av dei er det eiga bad med dusj og toalett.

Du finn 26 hytter/leilegheiter som rundt fjellstua. Det er forskjellig storleik og standard på desse. På dei fleste av hyttene og romma er det dusj og toalett. Det er dyner og puter i hyttene og leilegheitene, så gjestane må ha med seg trekk sjølve. Eventuelt kan dei leige trekk.

Kvar kveld serverer vi treretters middag og om morgonen har vi frokostbuffé der gjestane kan smørje seg niste for å ta med på tur.

Sist oppdatert 17.02.2019

Fasiliteter

  • 220v
  • Kortbetaling
  • Tørkerom
  • Peis
  • Fiske
  • Servering
  • Strømovn
  • Mobildekning

Tilpasset for

  • Barnevennlig
  • Barnevogn

Papirkart

Kartblad: Sjodalen 1618-2 (2009)