Sunnhordland

Sunnhordland

Sunnhordland ligg i Hordaland fylke og er ein del av Fjord Norge. Regionen består av dei åtte kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

I Sunnhordland møtest vilt hav og stille fjellvidder, furete skjergard og grøderikt landbruksland, lune idyllar, blåfrosen isbre og ein av landet sine mektigaste fossar, høgteknologiske nyvinningar og minnesmerke frå steinalder, jernalder, bronsealder og vikingtid.

I Fitjar finn du ein lett tilgjengeleg fjellheim med turar for einkvar smak, alt frå roleg vandring i skogen til topptur til Svartavatnet. Kjem du sjøvegen er det mange moglegheiter i Fitjarøyane, som består av 365 øyar og holmar.

Nabokommunen, Stord, er den einaste byen i Sunnhordland. Her har ein alt i nærleiken, flotte naturområder, badeplassar, gjestehamner, kulturtilbod, handelssentra og uteliv. Blant dei populære turområda finn du Landåsen med løyper frå 4 til 21 km og idylliske Hystadmarkjo naturreservat . For meir utfordrande turar kan ein til dømes gå til Kattnakken, 724 m.o.h. over Stovegolvet, Stord på langs eller til Stords høgaste punkt, Mehammarsåto.

Papirkart

Kartblad: I tillegg til de to norgeseriene 1:50 000 fra Kartverket og Nordeca fins turkartet Stord - Fitjar (2008) 1:50 000 fra Nordeca (tidl. Ugland).

Annonse