Torfinnsheim til Gjelle (Voss)

Ansvarlig: Voss Utferdslag
Annonse

Om ruta

Om ruta

Fra Torfinnsheim

Kvista i påsken, men oftast er kvistinga klar to veker før ( for meir info sjekk vossutferdslag.no ). Start på Torfinnsheim og gå mot aust opp over Gråsida. Videre til Gråsidetoppen og Sandfjellet og ned mot nord langs sommarruta eit stykke. Så i aust kant av Rundehaugen og ned i skogen til vegen mot Hindatveit og langs den ubrøyta veien ned til Gjelle. På veg herifrå til Voss sentrum.

Fra Gjelle (Voss)

Turen over Gråsida er ein lang tur på ca 20 km. Voss Utferdslag har T-merka sti frå Gjelle til Torfinnsheim. Stien startar ved saga på Florshaugen, går til Roset, og derifrå opp på Sandfjellet til Pili. Her deler stien seg. Eine stien går opp mot Gråsidetoppen (1307 moh.) medan den andre går bak tjørnane. Eit lite stykke før Timaglaset finn ein stikrysset til DNT hytta Nansenbu. Den T-merka stien går så mot Timaglaset, den karakteristiske store steinen som Voss Utferdslag nyttar i logoen sin. Vidare går stien langs Slåttebakkatjørni og forbi minneplata over dei fire som omkom under henting av reinsdyrkjøt hausten 1950. Stien går så oppe i fjellsida ovanfor Torfinnsvatnet, ned Kuslafjøra og bort til hytta Torfinnsheim. Herifrå har ein mange fine turmoglegheiter i Hodnaberg-området. Vinterruta over Gråsida vert kvista i mars månad.

De fleste rutene i fjellet i Sør-Norge blir merket til påsken. Før og etter påske er det færre åpne hytter og ruter som er merket.
Se dnt.no/vintermerking for mer informasjon.

Varsel

Annonse